Målsetjing med samlinga er å få inspirasjon til å drive eit lokallag og eit fylkeslag. Kva ein kan gjere, ynskjer å gjere. Fordele erfaringar og også utfordringar. Ha fokus på kva som fungerer eller ikkje fungerer i lokallaget.
Svar gjerne på spørsmål som ligg ved slik at ein har konkrete tema å gripe fatt i.
Vi oppmodar alle lokallaga å stille med minst to personar.
Margrethe Figved, organisatorisk nestleiar NBS vil vere med på samlinga.
Førebels program:
Laurdag 24. oktober (gjeld fylkesstyret)
Kl 13.00 Frammøte og lunsj
Jobbing med fylkesstyret gjennom heile dagen med bakgrunn i utsende spørsmål
Kl 19.00 Middag
Sundag 25. oktober
Kl 9.30 Møtestart for lokallaga
Jobbing med lokallaga gjennom heile dagen med bakgrunn i vedlagde spørsmål
Kl. 12.30 Lunsj
Kl 14.30 Avslutning og heimreise
Det vert opna opp for at lokallaga kan kome til middag på laurdagen og ev. overnatte. Dette må dekkast av lokallaga.
Ber om at kvart lokallag melder frå om kor mange som kjem frå kvart lag innan 16. oktober
Samlinga er også open for medlemmar i lag som ikkje er aktive.
Pris per person frå hotellet:
Dagpakke laurdag og sundag: kr 695,00 per dag
Middag laurdag kr 495,00
Overnatting kr 1 195,00 per pers.
Vi håpar at dette er av interesse for lokallaga og for medlemmar og set av tid til vere med.
Velkomen!