Utviklinga har gått mot færre bønder og større bruk

Øystein Havrevoll fra Fåberg Bonde- og Småbrukarlag hadde forberedt følgende innlegg til landsmøtet. 

GERALDEBATT

Gode Landsmøtet, ordstyrar

 

Utviklinga har gått mot færre bønder og større bruk. Behov for produktivitetsvekst og billig mat har trumfa andre krav slik som landbruk over heile landet, inntektsutjamning internt i jordbruket, utnytting av lokale ressursar og auka mat-beredskap.

Kvifor har faglaga og Staten ignorert kritikk frå Riksrevisjonen (Rapport 2023-24) og krav frå behandling i Stortinget om endring i landbrukspolitikken?

Hordaland BS har ei god analyse og godt forslag i PRIP 01 ved å dra opp ein generell debatt om forhandlingsinstituttet for å gjera det meir moderne etter krav i tida.  Dette blir ei viktig sak for NBS i åra framover.

Før jordbruksforhandlingane startar må NBS og Forhandlingsutvalet (FU) bli enige med Norges Bondelag om eit rammetal for kostnadsdekking og tilskot. Dermed er det meste fastlagt, men dei to faglaga lagar eigne krav med tilskotsfordeling på grunnlag av rammetalet.  Sjølv om Forhandlingsutvalet i NBS hevdar at utgangskravet kan vera på 4-6 milliardar, har det lite å seia når primærkravet til NBS er nede på kring 1 milliard når forhandlingane startar.

Eg har tatt for meg alle detaljer og sett på NBS sitt krav, felles krav med Norges Bondelag, tilbod frå staten og endeleg avtale dei siste tre åra. Det er eigentleg små skilnader mellom ulike krav, tilbod og avtale. Ser me kor dei store summane går, er det til storleik på areal og tal dyr.  Dermed går det som det er gjort i alle år i regi av forhandlingsintituttet med auka produktivitet, sentralisering av produksjon og foredling, større bruk og færre bønder. Er det dette NBS vil?

Gode Landsmøte og ordstyrar!

 Her er nokre tips til aktuelle  saker som kan virka i rett lei:

  • Skrot botnfrådaget og bruk tilsvarande midlar å på redusera prisnedskriving på kraftfôr (350-400 mill. kr). Dette  har ingen effekt på heimemaling, men vil gjera grovfôret meir verdt.
  • Omlegging av jordbruksfrådraget slik at fleire oppnår dette. Omsetting av mat og drikke på garden, grøn omsorg, og andre produkt og tenester bør reknast med.
  • Omlegging av standard omsetting på kr 150 000 til 0,3 årsverk (510 timar) ved uttak av bruk til driftsgranskingane. Dermed ville fleire bruk bli med i berekningane.  Argumentet at årsverkutrekningane er for usikre kan ikkje godtakast. Tal på årsverk er heilt sentralt i referansebruk-berekningane.
  • Innføring av driftstilskot på sau på line med mjølk. Berre eit driftstilskot per bruk.
  • Avgrensing av tilskot over 1-2 årsverk
  • Innføring av teigbasert tilskotsystem basert på skifteregister og digitale kart for å stimulera til optimal produksjon på garden ut frå det som gir best økonomi og ut frå det samfunnet har bruk fôr.

 

Gode Landsmøte og ordstyrar

 

Til slutt viser eg til professor, jurist og målreisingsmann Nikolai Gjeldsvik fødd i 1866:

Der det er vilje finst det veg!

Takk!