Fylkesårsmøtet 2026 vert ei spanande og sosial helg full av fagleg påfyll og inspirasjon. Fokus vert på korleis vi saman skal jobbe for å byggja ein større og sterkare organisasjon frå grasrota og opp, med fleire medlemmar, meir aktivitet og større politisk gjennomslag.
Nytt av året er at møtet startar allereie på fredag ettermiddag, med opning og utflukt til det lokale samvirkeeventyret Hardanger Bygdeysteri. Der vert det omvisning, middag og fleire inspirerande foredrag.
Laurdag morgon startar programmet med politisk verkstad i lag med våre raudgrøne stortingsrepresentantar. Dei to andre hovudbolkane denne dagen vert alliansebygging og lokalt arbeid med politikk, synlegheit og rekruttering.
Dei to fylkeslaga vil halde sine respektive årsmøte sundagen.
Helga avsluttast med lunsj på sundag.
FØREBELS PROGRAM
Fredag 6.mars
15.00 Ankomst, innsjekk og registrering
17.00 Utflukt til Hardanger bygdeysteri
Opning
Velkomst
Foredrag frå ysteriet
Foredrag frå Eirik Magnus Fuglestad
Foredrag frå bryggeriet
Middag
Laurdag 7.mars
Frukost
Bolk 1: Politisk verkstad
09.00 Raud-grøn politisk verkstad:
Innlegg:
Sofie Marhaug (Raudt)
Marte Hammer (Sosialistisk Venstreparti)
Kjersti Toppe (Senterpartiet)
Frøya Skjold Sjursæter (Miljøpartiet Dei Grøne)
Benjamin Jacobsen (Arbeidarpartiet)
12.00 Lunsj
Bolk 2: Lokalt arbeid med politikk, synlegheit og rekruttering
13.00 Introduksjon til ny strategi v/ Nora May Engeseth
13.30 Innlegg frå ulike lokallag om deira arbeid med politikk, synlegheit og rekruttering
14.40 Pause
Bolk 3: Alliansebygging
15.00 Samarbeid mellom fagforeining og landbruk v/ Terje Kollbotn (Raudt)
15.30 Hilsningsinnlegg frå gjestar
16:00 Pause
16.15 Gruppearbeid: Korleis skal vi ta videre alt vi har snakka om?
16.45 Presentasjon av gruppearbeid – plenumsdiskujon
17:15 Presentasjon av uttalar
17.30 Møteslutt
19:00 Middag på hotellet
Sundag 8.mars
08.00 Frukost
09:30 Felles samling
Gjensidige-avtalen, HMS.
Uttalar frå felles årsmøtesamling
11:00 Laga går kvar for seg: Årsmøteavvikling
13:00 Lunsj og heimreise