Gjerdelova i praksis

30. nov. 2026 - 19:30 - 20:30
Mer informasjon

Program

30. nov. 2026

  1. 19:30 - 20:30
    Utmarksutvalet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag inviterer til Teams-møte måndag 30. november kl. 19.30.
    Kven har ansvar for gjerdet? Og kva gjer du når det allereie er avklart kven som har gjerdeplikt, men gjerdet likevel ikkje blir sett i stand? For den som har dyr på beite, kan eit dårleg gjerde fort bli avgjerande for om beitet kan brukast. Vi vil sjå på kva ein kan gjere i praksis, og kva moglegheiter som finst for å få saka løyst utan å måtte gå til retten.
    Advokat Constanse Jessen Holm frå Lund & Co innleier. Mot slutten av møtet opnar vi for spørsmål.